199,-
Den kraftige og karakteristiske smaken til coratina er ein indikasjon på unike egenskapar som er viktige for helsa. Coratina kan vere kraftig i smaken for dei som føretrekker olivenoljar utan særpreg og rik smak. Det er synd fordi coratina har heilt unike egenskapar som er bra for helsa og små mengder coratina olivenolje er nok til å gje måltidet ekstra karakter. Coratina er rik på polyfenolar, som er molekyl som fins i planter og som representerar særs viktige antioksidantar som forsvarar kroppen – og som gjev den karakteristiske smaken.
Coratina har tre (3) gonger høgare polyfenol-nivå samanlikna med andre oliventyper i Italia. Ekstra jomfru olivenolje av veldig høg kvalitet kan nå polyfenol-verdiar frå 600 mg/kg og litt oppover. Siste analyse i 2025/26-sesongen viste at D’uggh låg på 688 mg/kg! D’uggh er 100 % coratina (monocultivar).
Låg surhet er ein indikasjon på god kvalitet. Surheten til ein olivenolje måler mengda feittsyrer som har skilt seg frå glyserol. Dess færre feittsyrer som har skilt seg, desto meir intakt er oljemolkylet og surheten dermed lågare. Surheten kjenner du ikkje på smak, men ser kun ved analyse. EU sitt minimumskrav er 0,8 for å kalle det ekstra jomfru olivenolje og verdiar 0,3 – 0,5 blir reikna som veldig god kvalitet. D’uggh sin monocultivar coratina olivenolje låg ved siste analyse på 0,2!
For å ivareta dei ernæringsmessige og sensoriske eigenskapane til ein utmerka ekstra jomfru olivenolje er det nødvendig å bruke emballasje som beskyttar den mot kontakt med luft og ljos fram til inntak. D’uggh brukar kanner av blekkplater som ikkje slepper inn gassar, luktar eller ljos som kan påverke kvaliteten og smaken til olivenoljen. Coratina oksiderar også seinare grunna det høge polyfenolnivået, som gjer at olivenoljen held lenger på smak og næring enn andre typer ved rett lagring.
Coratina-olivenolje burde brukast til alt fordi den er veldig næringsrik. Den er også veldig smakfull og nokre bruksområder framhevar sjølvsagt olivenoljen særs godt. Den er for eksempel ekstra god rå på dampa grønsaker, salatar med tomat og supper av belgfrukter – eller rå på grilla kjøtt og eldre ostar. Eller i ei skål med litt godt brød. Olivenoljen reagerar stabilt på både oksygen og høge temperaturar ved steiking. Det høge nivået polyfenolar som gjer den ekstra sunn og næringsrik, held seg ved steiking på grunn av stabiliteten.
199,-
149,-
369,-
999,-
199,-
399,-
549,-
399,-
549,-
Handlekurven din er tom!
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær oppdatert med alle nyhetene våre først