Informasjon
Italienske tradisjonar møter norske tradisjonar i denne håndlaga keramikkflaska som er spesiallaga for D'uggh i Terlizzi, Puglia. D'uggh har i alle år dekorert oljekannene og andre produkt med kjente og kjære symbol frå Puglia, som luminarie. Luminarie er symbol og dekorasjonar dei brukar ved høgtider og feiringar. I år har me kombinert luminarie med eit kjent mønster frå Noreg, som er både elska og hata. Sett denne på kjøkkenbenken så har du både litt norsk og italiensk med deg.